Kvifor er friluftsliv viktig?
Friluftsliv er ein del av vår kulturarv
Før innebar dagleglivets arbeid ofte kontakt med natur gjennom jakt, fiske, hausting og gardsdrift. Å dra ut i naturen ”bare” for opplevinga si skuld kan sporast tilbake til midten av det forrige århundre. Fri natur og folkeleg kultur blei element i det borgelege danningsidealet og etter kvart symbol på nasjonal identitet og fridom. Håvamåls gamle naturmyter og Henrik Ibsens ”På viddene” skildrar begge naturen, men på ulike måtar. Innhaldet i friluftslivet endrar seg i takt med tida, men overlevingsferdighetar og naturopplevingar er fortsatt to viktige bestanddelar i dagens friluftsliv. I dag betraktast det enkle friluftslivet både som ein verdi i seg sjølv, men også som eit middel.
"Friluftsliv er naturvennlig ferdsel og hensynsfull bruk av naturen, der hovedsiktemålet er gode naturopplevelser (St.meld.om friluftsliv 2001)."
Friluftsliv:
· Er forebyggande og rehabiliterande i helsepolitisk samanheng
· Er ein viktig bærar av tradisjonar og verdiar knytta til vårt kulturbilde
· Er ein familievennleg aktivitet
· Utviklar/sikrar eit folkeleg engasjement for ei bærekraftig naturforvaltning
· Kan bidra til å skape eit verdigrunnlag for eit bærekraftig forbruksmønster
Naturens betydning:
For leiken
”Men hva var leken for noe, da? Et overskudd av kraft i kroppen, som førte til en utvidelse av sjelen…” Sigurd Hoel
Den frie leiken skiller seg frå vaksenstyrt aktivitet og tradisjonell idrettsaktivitet ved at den er spontan. Den spontane leiken er barnas eigen ved at dei sjølv organiserer og lagar reglar. Gjennom leiken utfordrast både fantasi, nysgjerrighet, kreativitet, rolleutprøving og fellesskap med andre. Ved fysisk leik utfordrast i tillegg evna til å beherske kroppen og til å teste styrken og mulighetane den rommar. Leik og fysisk aktivitet skapar glade og robuste barn med tru på seg sjølv!
Naturen er ein perfekt leikearena. I motsetning til leikeplassar med konstruerte leikeappart, er naturen smekk full av verkelege element. Her kan barnet sjølv ta seg til rette ut frå sine forutsetningar: klatre, smyge, krype, huske, springe. I tillegg kjem alle sanseopplevingane: lydar, lukter, smak, fargar. Her kan barna lage kongledyr, barkebåtar og demningar. Medbrakte kjøpeleiker er unødvendige på tur! Naturen stimulerar fantasien. Buskar og kratt blir spanande hytter, og planter og vatn dei koselgaste rettar på ”familiens middagsbord”. Ofte brukar barna dei vaksne som modellar for rolleleiken. Barna smir seg ”økser og sverd” og drar på vedhogst i etterkant av at den vaksne har hugga ved til bålet.
For kropp og sinn
Frå fødselen av har barnet ei naturleg trang til å røre seg. Den rørsleerfaringa som barnet får i før- og småskulealder er avgjerande for den enkeltes motoriske standard resten av livet. Leik og turgåing i variert og ulendt terreng tilgodeser barns behov for variasjon i bevegelser og utfordringer. Undersøkingar frå barnehagar både i Noreg (Ingunn Fjørtoft) og i Sverige (Patrik Grahn) syner at barn som får mulighet til å boltre seg utandørs i minst mogeleg tilrettelagt terreng blir mindre kranglete og utviklar større evne til koordinasjon og konsentrasjon. Barna blir også rolegare innandørs. Gjennom leiken ute i naturen utviklast barnas sosiale ferdighetar (Bang m.fl 1989). I møtet med naturen får barnet mulighet til å takle ulike utfordringar og prøve ut eigne grenser, noko som igjen fører til betre sjølvbilde og personleg vekst. Barna får betre helse og auka livskvalitet.
For haldningar
Som vaksne veit me også at naturopplevingane barna får har ein vesentleg betydning for deira verdisyn, haldningar og atferd senare i livet. Positive opplevingar og ei kjensle av tilhøyrighet til naturen legg grunnlaget for natur- og miljøvernhaldningar.
(Geir Grimeland definerer naturkjensle som evna til å legge merke til detaljar i naturmiljøet og evna til å oppleve naturen med opne sansar og ope sinn. Han slår fast at dette gjer barna best i direkte kontakt med naturgjenstander og -fenomen.. Inntrykk frå andrehandskilder som litteratur og media supplerer kun barnas praktiske erfaringar.)
|
Ta ansvar for framtida |
UTVIKLE HALDNINGAR |
|
Påvirke og medverke |
|
|
Oppdage samanheng |
|
Oppdage mangfald |
|
|
Vere i naturen og bli glad i den |
|
|
Kilde : ”Barn møter framtida” Kristin Vindal Halvorsen |
I forhold til det aktuelle temaet miljøvern, velger naturorganisasjonar og barnehagar å fokusere på forurensning og skader i miljøet. Dei vaksne appellerer til barna om å ta ansvar … Er dette måten barna skal erverve seg varige og gode haldningar til naturen på? Me velger å starte med å gi barna dei mange og gode naturopplevingane som legg grunn for identitetskjensle til naturen… Det vil skape ein livsvarig interesse for friluftsliv og for å verne om naturen.
Kort oppsummert kan me sei at naturen :
· gir rom for allsidig og variert leik
· gir rom for motorisk sansestimulering, allsidig og variert fysisk aktivitet
· gir rom for at barn kan forme sine eigne leikeområder/leiker
· er full av spanande oppdagingar og verkelege utfordringar
· rommar eit nesten ubegrensa mangfald
· er fri for statusforskjellar
· gir mentalt overskot
· gir ei kjensle av tidløshet (skogen, fjellet og elva har alltid eksistert)
· bygger identitet og skaper varige haldningar og verdiar