Yr.noYoutube

 

Kvifor går me på tur? Kvifor går me ut i striregn og kuling når me heller kunne vore inne i tørre og varme lokale - og kikka ut på drittveret?

 

Jo - det er opplevingane og fellesskapet me opplever saman.
Regndråpane som glitrar som små diamantar i trea, bølgjene som slår innover land, ein ny sti, ei stor maurtur, eit perfekt klatretre, sitte saman under eit grantre og ete Mariekjeks, sitje rundt bålet og drikke varm kakao - og ikkje minst - alle meistringsopplevingane me får.

 

Det er ikkje alltid dei lange turane som gir dei beste opplevingane. Korte turar  gir oss også store opplevingane saman - me opplev fellesskap, og ikkje minst veks me alle saman i møtet med nye opplevingar.Me vert sterkare, modigare, stoltare.

 

Fellesskapet og dei stadig nye opplevingane me har saman er det som gjer det så godt når det er overstått. Me kan hutre og fryse, klage og syte, men når me er på tur så lever me – saman!

 

Og når me sit i minibussen på veg tilbake til barnehagen er me alle heilt stille. Tomme. Tomme for ord, fulle av opplevingar.