Yr.noYoutube

 

Etter å ha tova fuglar, var det nokre gutar som ville sjå fuglane på fuglebrettet på nært hald. Då var det bare å finne fram nokre stolar og sette seg på orkesterplass i døropninga. Raudstrupa kjenner me godt og den er blitt favorittfuglen vår. Er me ute og leikar kjem den snart trippande rundt oss - særleg viss me et mat - då veit den at det alltid vankar ein matbit. Eller om døra står ope - då kjem den garantert inn til oss.

 

Men å sitte der i døropninga å sjå ut på all snøen - ja då vert freistinga for stor - med eller utan sko....