Nissane har til vanleg mosestrø på grauten sin - men ein dag før jul (søtgrautdagen) må dei ha skikkeleg sukker på grauten. Det nissar dei frå menneska.
Vårt sukker var vekke - men ein telefon frå nissefar, fortalte at det låg bak ei lukka låvedør. Men kva for ei låvedør...?
Me banka på kvar ei dør me fann, men null resultat. Til slutt såg me bålrøyk og bestemte oss for å følgje dette sporet. Me kom til ei stor raud låve - vårt siste håp om å finne sukkeret. Fotspor rundt låven måtte jo bety at nissefar hadde vore her....?
Men det var ingen dørhandtak - koreis kunne me då få opne låvedøra? Men med song opna døra seg brått - av seg sjølv - og der stod sukkeret. MAGISK!