Yr.noYoutube

 

 

Det har kome mykje snø dei siste dagane - og me klagar ikkje 😀
Men no var det på tide å finne fram snøskuffene og kostar og grave fram minibussen.
Med kostar, snøskuffer og spadar fekk me vekk snøen rundt. Men kva gjer me når minibussen er så høg at me ikkje når opp? Jo då må me finne fram gardintrappa - og vipps så rakk me opp til både vindaugar og tak. Med godt samarbeid så klarer me det meste 💪