Yr.noYoutube

 

 

Noko me likar veldig godt er å oppdage "skjulte perler" - der naturen er urørt og alt ligg tilrette for leik og utforsking. I dag var ein slik dag. Me har vore her før og me vert like glad kvar gong me oppsøker denne plassen. 

 

Etter mange dagar med snø og kulde, var det nesten vårkjensle då me satt og åt lunsj i sola. Deilig å kaste hua for ei lita stund 🌞  

Me leika og oppdaga. Nokre rotvelta tre er perfekte til å klatre og balansere på. men dei vert snart hestar og maskinar som må reparerast.  Men det beste av alt er kanskje å bare ligge i den mjuke mosen og la tida gå. Kikke opp på skyene og filosofere over livet.

 

Barn klarer seg ikkje utan naturen - men naturen klarer seg utmerka godt utan oss...