Yr.noYoutube

SKITUR I NÆROMRÅDET

 

I dag var 4- og 5-åringane på skitur i nærområdet - og det vart ein lang og flott tur. Nokre gjekk fort, nokre gjekk akkurat passe fort, alle datt ein eller fleire gongar, nokre klarte fiskebein opp bakkane og nokre øvde seg på det - akkurat slik det skal vere. Når me skal meistere nye ferdigheitar må me ØVE oss 💪

 

Og i Villvettene byrjar me tidleg med skigåing. Då me kom tilbake til barnehagen venta nokre 2-åringar som også ville ut på skitur. Turen gjekk til skulehagen og Pannekakemusene sitt hus - ein tur som normalt tar 5 minuttar, men me brukte 1 time. Men det er greit - for er det noko me har nok av, så er det TID 😊

 

Måtte det bare bli mange fleire slike turar denne vinteren...