Nok ein kjekk dag saman med Blu3-studentane! Dei hadde trekt garn og me fekk vere med på reisa "frå havet til bordet".
I gapahuken vart det servert mat av fangsten. Og det var ikkje pasta og pølse.
Ungane fekk lage seg "skattekiste" (grønsaker, fisk, ramslauk oa) som dei steikte på bålet.
Men det var også fiskesuppe, vårrullar, scones m/ramslauk (dei var knallgode), nykokt krabbe og blåbærkake - alt laga ute på bål eller stormkjøken.
(Me stod for desserten - is kjøpt på Spar😁)
Takk til dyktige studentar som me har vore så heldige å få vere saman med dette året. Lukka til med eksamen og den spanande tida i verdas beste (og viktigaste) jobb!