In the sweetness of friendship
let there be laughter, and sharing of pleasures.
For in the dew of little things
the heart finds its morning and is refreshed
- Khalil Gibran -
Når me deler naturopplevingar gjennom turar og aktivitetar vert me godt kjent med kvarandre og knyter nære band. Detter er er "teambuilding" på sitt beste. Gruppekjensla vert sterk og meistringsopplevingane store.
Eit opphald på ei Flokehytte gjer noko med oss - der opplevingane av møtet mellom hav og himmel, bølgjer, landskap og spektakulær panoramautsikt frå hyttene som er smidd inn i landskapet - kryp inn under huda vår og vert verande.
Ein fantastisk gjeng å ha med på tur - som imponerte frå start til slutt. Særleg den gjengen som valde å gå Kyststien tilbake. Dette er ei rute som går i variert landskap langs sjøen og er ca. 1 km. lengre enn turen på grusvegen. (filmsnutt ser du HER)
Det er vanskeleg å skildre alle inntrykka og opplevingane me hadde, men kanskje bilda (litt mange.... 🤔) syner korleis turen var.