Friluftslivets eigenverdi og nytteverdi
Det vert sagt at friluftsliv har eigenverdi, men kva betyr det?
I barnehagesamanheng kan me sei at friluftsliv har verdi for barna i form av at opplevingane, meistringa, inntrykka, utforskinga og det slitsame ved å vere på tur har ein verdi i seg sjølv
Det har betydning og kan kjennast verdifullt for barna der og då å leike, å tørre å klatre i eit tre, å sitte ein stad og tenke og å vere med venner.
Me kan også sei at turen i seg sjølv er målet, med alt det inneber. Samstundes kan me sjølvsagt få eit pedagogisk utbytte av turen, av friluftslivet. Så me seier som Ole Brumm: «Ja takk, begge delar!» For det er i leik at barna får utfordra sine motoriske evner. Det er i leik og samspel at barna får utfordra og utvikla sin sosiale kompetanse. Det er i leik at barna får testa sine grenser og får kjent på kva dei klarer og tør.