Yr.noYoutube

 

 

Her skal me tilbake!!

Jammen har me vore mange plassar rundt om på øya - og det er alltid like spennande å finne nye turmål. Ein lettgådd tur der delar av turen gjekk gjennom ein fantastisk fint kulturlandskap. Mykje arbeid med å plukke stein og lage steingardar, vegar o.a. kunne me sjå. Spor etter ulike dyr var det også mykje av.

Siste del ut til landemerket gjekk i eit flatt og snaut terreng og langt ute på eit nes kunne me sjå "kona" med utsikt vestover havet - ho som speida etter fiskarane ute på sjøen - dei som kanskje aldri kom heim att til familien sin...