Ei god veke vart avslutta med båttur med "Rasmus". Ein kort (7 min.) båttur over fjorden og me gjekk i land i ei strand me aldri har vore i før - og me har besøkt mange....
Mykje fisk i sjøen - makrellstimar, store fiskar som symde under/kring båten. Me prøvde fiskelykka, men einaste resultatet var mista slukar og knekt fiskestang. Me får planlegge fisketur betre - der me nyttar garn, krabbeteiner og nytt fiskesnøre....
Dagen vart avslutta med bursdagsfeiring i stranda med jordbær-/sjokoladekake og ein tur opp til "naboane" våre.