BJØRNEKVELDEN - 12.nov
Dette er datoen bjørnen gåtri hi og ligg i dvale fram til 24.mars (utan å tisse og bæsje heile denne tida...)
Me var ei lita gruppe ute i dag for å leite etter bjørnehiet. Det vart ein strabasiøs men veldig spennande tur. Og me fann nokre holer som me trur bjørnen vil flytte inn i - til og med eit bjørnehus der bjørnen allereie hadde funne mose som den kan ligge og sove på.