Aldri ein kjedeleg dag på leirplassen - og no vert det enda kjekkare. 3.kl.studentane ved HVL har nytta hausten til å lage nye leikeapparat.
På leirplassen har me òg ein 7-steinsomn som me kan steike bollar, brød, pizza og det me ynskjer i. Har du aldri smaka bollar steikt i ein steinom, så må det prøvast - knallgodt!
Me i Villvettene veit at det er ikkje alltid dei dyre "kjøpe-leikene" som er dei mest spennande leikene - ein bekk, eit tre eller ein haug med haustlauv - og vipps så har me dei kjekkaste leikene...