Yr.noYoutube

ME TRENG EIT LEIRBÅL ME KAN SAMLAST RUNDT...

Det gjer noko med oss når me sit rundt eit bål - eller har andre gode opplevingar saman.

Slik er det også med den årlege overnattinga me har saman med 4- og 5-åringane i starten av nytt barnehageår. Dette er noko ungane har ei nedteljing til. "Når eg har så mange fingrar (4) då skal eg òg sova i lavvo eller hegekøye, sant...?"

 

Kveldsmat, tannpuss under stjernene, sjå solnedgangen ned ved sjøen, mørketur(!) med lommelykt, ligge i soveposen og høyre ugla rett over hovudet vårt, snorking i naboteltet og så vakne ved sida av nokon du ikkje pleier. Det gjer noko med oss og det gjer noko med gruppa. Me lærer å kjenne kvarandre betre og på ein anna måte.

 

I år var det så varmt at me kunne ta eit tidleg morgonbad og så krype ned i soveposane att og vente på at 2- og 3-åringane skulle kome og vekke oss. 

Etterpå smaka frukosten godt nede på brygga!