Yr.noYoutube

 

 

Friluftsveka vart avslutta med overnatting ute (i telt og lavvo) for 4- og 5-åringane.

Dagane før hadde me hatt både natursti/naturbingo og "tur med meining" (der me plukka boss i nærområdet). Men no var me klar for eit av årets høgdepunkt - overnatting.

 

Me har vel aldri sjekka vermeldingane oftare enn dagane før - regnet gjordet at me vurderte mange andre alternativ evt. avlysing.

Men noko godt har me visst gjort, for regnet stoppa i det ungane kom med soveposen og kosebamsen underarmane på ettermiddagen. Og jammen vart det stjerneklart då me skulle på mørketur.  Dei tøffaste starta dagen med eit morgonbad (og då hadde det byrja å regne att). Skjeldan frukost og varm kakao i lavvoen har smaka så godt!