«Så va’ da på ‘an igjen…»
Sommarferien gjekk fort – litt for fort for nokre av oss – men det er godt å kome tilbake til kvardagen.
Eit nytt villvetteår er alltid like spanande. Me står framfor nok eit innhaldsrikt barnehageår og me kan love dagar med masse leik, latter, tull og tøys, spanande turar, masse nye opplevingar og erfaringar, meistringsopplevingar, regn i håret, neglersprett og snåttanaser, venskap, tårer og solskin, myggstikk, plaster, krangling, late dagar, travle dagar, kjekke dagar, kjedelege dagar, ei trygg hand å halde i eller eit fang der ein kan finne trøyst og kvile. Ja, alle dei opplevingane og erfaringane som er essensielle og viktige på veg mot eit kompetent menneske.