Nissemarsj
Nissen sine ting var borte vekk,
Nissefar var full av skrekk.
Om ikkje Villvettene fann tinga snart,
så blei det ikkje julegåver til jul klart.
Flaks at me gjekk nissemarsj på denne dag,
for me samarbeida veldig godt i lag.
Me spredde juleglede på vår veg,
og fann beskjedar og nisseting kvar eit steg.
Nissen henta tinga ved stubben,
me fekk sjå at han var liten og lubben.
Han fekk hua, grautsleiva og belte på då,
no måtte han lage gåver og stå på!
Til slutt ein overraskelse frå nissen venta,
takk for innsatsen både gut og jenta!