Yr.noYoutube

 

Sjølv om leikeplassen var der - akkurat der me hadde ete lunsjen vår, så var det ikkje der ungane ville leike. Eit rotvelta tre oppe i skogen var den mest spanande leikeplassen.

 

Tenk tilbake til eigen barndom. Til favorittplassen for leik.

– handlar det om eit uteområde?

– handlar det om natur?

– handlar det om spenningsfylt og risikofylt leik som kanskje kryssa grensa av og til?

– var det vaksne til stade?

– får barn i dag den same fridomen til å lekie som dåke gjorde?

 

Me treng ikkje å vere lenge i ein barnehage for å forstå at borna og naturen høyrer intuitivt saman. Borna erobrar naturen, som om det var det mest sjølvsagte. Naturen ropar etter utforsking, på ein helt anna måte enn den definerte leikeplassen. Den er ferdig utforska etter eit par timer, og gir minimale utfordringar for born over tre-fire år.

I naturen finns ingen bøtter og spader, syklar eller reiler. Her vert kjønnsrollene brote ned i leiken. Borna er fri frå forhandsdefinert leik og EU-godkjente klatrestativ. Her finns noko anna og meir enn det. Ein naturleg leikeplass og læringsmiljø. I naturen er variasjonen uendeleg. Rommet er aldri ferdig utforska, fantasien får fritt spelerom.

Born velge seg variasjon og mangfald i eit fysisk leikemiljø, dei går den største motstands veg med nysgjerrigheit og iver som drivkrefter.  

Eit tre kan vera eit fullgodt klatrestativ både for toåringen og femåringen samstundes. Toåringen klamrar seg til dei nedste greinene utan å kome høgare, men kan likevel oppleve meistringsglede. Femåringen sit nøgd høgare oppe i treet, hen kjenner treet gjennom fleire års leik. Tryggleiken og kunnskapen om eiga meistring har tida og treet gitt hen. Eit menneskeskapt klatrestativ kan skape farlege situasjonar for ein toåring, då det er konstruert slik at trinna oppover er identiske, og dermed kan barnet klatre høgare enn det faktisk er i stand til å meistre.