Yr.noYoutube

 

Tur til fjellet, i minus ti grader, for å leika i snøen. Men når me kom til fjellet var snøen isbelagt. Men det stoppa ikkje Villvette barna. Isen gjorde det så glatt at me kunne ake i alle grøftekantane på veg innover.

Aketurane gjekk super raskt i bakkane på Lundastølen, og sjølv om det kan vere vanskeleg å bevega seg på isen, føyk dei opp og ned bakkane. På vegen tilbake var det kjekt å studera kor tjukk isen på elva var. Klarer me å knuse den med store steinar? Er alt vatn blitt til is? Kjekt å ha med oss Maritha, som skal vere saman med oss for å leika i ny og ne framover