Yr.noYoutube

 

 

Å leika er det beste som finst! Det er så lite som skal til frå oss vaksne før alle er med i leiken. Når me tilrettelegg med t.d. rom, utstyr - så går det ikkje lenge før leiken er i gang. 

Då vert det arrangert bursdagsselskap for underteikna og det vart diska opp med eit digert kakebord, ein vaksen "jobba" i gåvebutikken og hadde det travelt med å pakke inn gåvene.
Nokre gutar hadde "service" på bilen (som skulle frakte alle gjestene til festen), nokre pynta medan andre laga mat.

Skal me jobbe med inkludering og venskap - då byrjar me med leiken (legge tilrette for ein inspirerande leikemiljø + vaksne som hiv seg med).

 

Det er ikkje alltid alt det flotte utstyret (massevis med leike og utstyr) som er avgjerande. Nokre klesklyper og hyssing i sekken når me skal på tur til sjøen - ja då kan me ligge på magen i timevis på jakt etter krabbar.