To dagar saman med Blu3-studentar ved HVL - der me har jobba i kjøkkenhagen.
Pallekarmane er rydda og ny jord er fylt i, jordbæråkeren er rydda, nytt gjerde der solsikkene skal vokse, mange trillebårlass med jord er køyrd - og så potetåkeren då. Her vart me visst litt ivrige, for dagen etter var det kome eit gjerde rett over åkeren.... 🤔
Kvar dag avslutta me med god lunsj som studentane laga til oss.
No skal me byrje å så div. grønsaker som gulrøtter, poteter, knutekål, purre, kålrot, sukkererter, brokkoli, grønkål - ja til og med vannmelon ville ungane prøve å dyrke fram. Men det må me nok gjere inne i drivhuset...