Det aller kjekkaste i barnehagen er når alle er med i leiken - både store og små.
Lite skal til - eit skattekart, eit skaut og litt maling - og vips så er me i ei anna verd.
For å kunne opne skattekista, måtte me leite etter koden på hengelåsen. Gruppevis måtte piratane leite etter eit 1-tal, eit 2-tal og eit 8-tal i naturen - og bare me ser godt etter, så er naturen full av tal...
Ikkje så lett å finne rett talkombinasjonen, men etter å ha prøvd både 1-2-8, 1-8-2 osb. sa det klikk i låsen og kista var open - full av sølv, gull, diamantar, dei finaste smykkene - og ei magisk glaskule. Nå me så inn i denne kunne me sjå magiske ting - raude lys som blinka, eit anna og framand land. Og tenk - me så Grønwalt som var i eit grønt hus.
No vert neste oppdrag å finne det grøne huset...