Yr.noYoutube

 

Kajakk er eit flott framkomstmiddel, meir sjødyktig enn ein kano og er godt eigna for å gi ei flott naturoppleving.

Me fekk låna og øve oss å padla mini-kajakker, noko som er midt i blinken for villvettene. Me liker å ta utfordringar, tørre å prøve nye ting, ha trua på oss sjølv- sjølv om det var litt skummelt å padle aleine. Me hadde festa tau på kajakken, og etterkvart turde dei, ein etter ein, å prøve litt og litt lengre ut.

Ein fin dag- flott natur og god meistringskjensle.