Yr.noYoutube

 

 

Frå barnehagen kan me sjå Kattnakken kvitkledd og bada i sol og då må me opp for å sjekka forholda.  Og måtte det bli mange fleire dagar som denne dagen. Me har lært nokre vèrteikn i naturen, bl.a. at rognebærtreet "ber ikkje to tunge bør" same året. I år er det mykje rognebær og då vert det lite snø denne vinteren. Håpar dette ikkje stemmer, for me vil ha mange fleire dagar med akebrett og ski på beina.