Festkometèen hadde planlagt eit variert og tettpakka program for 16-maifesten: Flaggheising og "Ja vi vi elsker", tog med musikk, leikar og premiering, pølser og kaker - og sjølvsagt - besøk av ISBILEN!
På førehand hadde dei laga maiblomar til alle, handla og laga kaker - heldigvis fekk dei hjelp av dei andre borna til pyntinga 🥳
Og det vart ein flott dag, sjølv om regnet kom då me skulle ete pølser og kaker. Men me veit korleis me brukar ein tarp - så me kunne heldigvis sitte tørre og nyte god mat og drikke.
Takk til Eivor, Åshild og Eivor👏 og dei andre villvettene for ein fin dag💖
Filmsnutt HER
God 17-mai til alle!