"Du trenger bare en å dele med
For to par øyne de ser mer
Blir man ikke sett er man ingenting
Du trenger bare en for å kjenne deg til..."
("To hjerter og en sjel" - CC Cowboys)
Å kjenne seg betydningsfull i eit fellesskap er viktig og grunnelggande for alle - både for barn og vaksne. Opplevinga av å høyre til og vere ein del av eit fellesskap der det betyr noko at eg er. ME-kjensla er god, den skaper motivasjon og arbeidslyst, opnar opp for kreativitet i leik, trivsel og gir plass til godt humør, tøys og tull for både liten og stor.
Fellesskap vert skapt gjennom interaksjon, og i barnehagen er det dei vaksnes ansvar å legge til rette for at fellesskapet ikkje skaper grenser mellom dei som er innafor og dei som er utanfor. I ME-fellesskapet er alle med. Det er ikkje snakk om ei idyllisk verd der ingen nokon gong opplever seg utanfor, for det er ein del av det av å finne ut av det med kvarandre. Men i eit ME-fellesskap i barnehagen vil engasjerte, anerkjennande og medopplevande vaksne saman med gode oppfølgingsrutinar, tydelege strukturar, leiing og forventningar føre til at deI som opplev seg utafor, raskt blir invitert inn og inkludert.
"I barnehagen er leken et av de viktige sentreringspunktene for selvrespektens utviklingsrom." (Ingrid Lund, professor ved Universitetet i Agder)