Årets friluftslivsveke starta med fjelltur.
Målet med veka var å løfte fram friluftsliv - kor variert og enkelt det kan vere, og at alle kan vere med - liten og stor.
Me hadde ein flott fjelltur der målet var ikkje den høgaste fjelltoppen på øya, med ein spennande tur i variert terreng og akkurat passe langt opp. Men når nokre "lure" vaksne har lyst å gå ein ny veg nedatt, ante me ikkje at den var laaaang. Men fy søren for nokre tøffe villvetter - som gjekk og gjekk (kun med ein Non-Stop i kvar fot..). Men det var godt å ome ned til minibussen att der herr Boine og Tassen venta på oss😅


































