Eventyr-/dramaprosjektet er god i gong. Mykje mystisk og spanande som skjer.
Ein dag såg me ein gamal mann som luska rundt barnehagen, og ein dag traff me han i skulehagen. Han fortalte at han heiter Grønwalt og er ein eventyrsamlar. Me har skrive eit brev til han og spurt om han vil kome og fortelje eit eventyr for oss.
Ein dag fann me eit brev på stubben - med mange bokstavar og ein beskjed om å lage eit hemmeleg ord som me vil få bruk for seinare (me kan ikkje fortelje kva ord me laga, for det er jo hemmeleg...).
Men det stoppa ikkje der - brått var det ein gråkledd som gjekk og luska rundt og som la att eit brev med nokre reglar me måtte hugse på:
- ikkje lov å synga
- ikkje lov å le
- ikkje lov å tulla og tøysa
- ikkje lov å bruke fine fargar
- ikkje lov å lese eventyr
- ikkje lov å ha det gøy
Helsing Gråtassane
Stadig finn me små lappar med påminning om desse reglane. Kva vert det neste....?