Yr.noYoutube

 

Då var det siste dag/døgn i markeringa av "Friluftslivs veka" - ein natt i naturen.  Dette er ein tradisjon hos oss der 4- og 5-åringane startar hausten med overnatting i lavvo og hengekøye. Som i fjor og alle åra før - ein stor suksess og som alle borna har nedtelling til.

 

Pølsegrilling, vennskapleg quizkonkurranse, kveldskos før me fann fram lommelyktene og vandra ned til sjøen for å sjå på solnedgongen. Blikkstille fjor der me kunne sjå makrellstimar rett utfor kaien og kveldshimmelen som vart farga raud. Vidare opp til "den hemmelege benken" der me hadde eventyrstund.

 

Så var det bare å krype ned i soveposane - nokre i lavvoen og nokre i hengekøyer - og det var ikkje lange stunda før alle sov. 

 

Morgonen etter vart me vekka av dei yngste før me åt frukost saman nede ved sjøen. 

 

For ei oppleving - dette lev me lenge på (og kanskje det vert ny overnatting til neste år...).