Endeleg kom Grønwalt på besøk for å å lese eventyr for oss - men undringa var stor då det delar av eventyret mangla. Var det Gråtassane som hadde tatt dei? Me har stadig fått beskjedar frå Gråtassane at det ikkje er lov å ha det gøy i barnehagen, ikkje lov å synge, le og leike - og i allefall ikkje ikkje ha fargar då alt skal vere grått...
Me traff Trine Tonetrall som ikkje fann tonane til den nye songen som me ville få bruk for om me traff Gråtassane - men med hjelp av oss, fann ho dei rette tonane og me lærte den nye songen.
Ultrafiolett hadde mista dei fargerike garnnøsta (som Gråtassane hadde tatt) - og den fargerike boksen var vekke. Kunne villvettene finne den...?
Professor Blå elskar fargeeksperiment, men dei er ikkje alltid like vellukka. Heldigvis klarte han med hjelp av villvettene å lage grønfargen som Grønwalt skulle få.
Naturforvaltaren Ingolf er fortvila - Gråtassane har tatt fargane i naturen (og juletreet hans). Kva skulle han gjere - juletreet måtte jo ha fargar til jul. Då er det godt med god hjelp frå villvettene!
Heldige var me på vår leiten etter eventyrdelane - Trine Tonetrall, Ultrafiolett, professor Blå og Ingolf hadde alle ein del av eventyret som me kunne ta med til Grønwalt. Og jammen var det godt me hadde lært ein fargesong som me kunne synge då Gråtassane dukka opp med den fargerike eska. Når han høyrte songen, sovna han og villvettene kunne ta med eska til Ultrafiolett. Kva den inneholdt? Fargerike armband som me kan bruke om Gråtassane dukkar opp att.
...og me fekk høyre slutten på eventyert...
Snipp snapp snute, så var eventyret ute - eller....????
(Film kan du sjå HER)