Bolla pinnsvin er misunneleg på Helene harefrøken – den vimsete og jålete sirkusprimadonna. Å, så fin ho er er Ny kåpe og allting. Det er ikkje alle dyra i skogen som får ny vinter- og sommergarderobe, det veit Helene godt. Ho håpar nok at dei andre dyra skal legge merke til den nye kåpa.
(...ikkje fortel det til nokon - men Helene et av og til sin eigen bæsj....)
Bolla pinnsvin får aldri ny kåpe - ho må drasse rundt på dei same piggane heile tida. Ikkje kan ho hoppe like høgt eller springe like fort som Helene - men ho gjer så godt ho kan (det gjeld jo å gjere så godt ein kan).
Helene veit godt at ho tar seg godt ut og kan springe fortare enn Bolla - men kva skjer den dagen ho utfordrara Bolla til eit kappløp...?
Sjå film frå det store kappløpet HER