Yr.noYoutube

Tips for å bevare gleda ved å vera ute:

 

Vinterhalvåret:

Klede frå innerst til yttarst:

- Ullstillongs

- ull held på varmen sjølv om me vert våte! (Stillongs er lurt – vert me våte på beina treng me ikkje byte alt, bare sokkane.....)

- Langarma ulltrøye.

- Ullsokkar.

- Tjukk ullgenser (eller fleece)

- Tjukk ullbuksa (eller fleece)

- Hals eller hua med hals, ikkje skjerf

- Støvlar - vasstette og varme vinterstid

- Regntøy.

- Dress, ein fordel med fôr som kan takast ut.

- Husk strikk under beina på dress og regnbukse, ein fordel at den kan bytast ut.

- Vottar + eit par ekstra

 

Vindtette kler er kjempelurt - sommar som vinter

 

 

HUGS Å SJEKKE KLESKASSANE MED JAMNE MELLOMROM!

 

 

Det er også lurt å sjekke ungane for flått kvar kveld!