Yr.noYoutube

BARNAS TURREGLAR

 

 

 

 





  1. Sørg for ein god start – pakk matpakke, gjer klar termos og sekk før du kler på barnet og byrjar å mase. 
    Forberei barna på turen kvelden før eller ved frukostbordet.
     
  2. Selg inn turideen din til barna – ver entusiastisk og tru mot prosjektet.
    Bestem gjerne rammene for turen, men la barna vere med å bestemme og planlegge litt.

  3. Ta med sunn og næringsrik mat og drikke. Brød med pålegg, frukt, vatn og varm drikke er det beste,
    men små premiar ("bensin") som kjeks og sjokolade hjelper ekstra godt på humøret.

  4. Bestem om målet med turen er å vere ute og leike eller å kome fram til ein spesielt stad eller ein topp.
    Fortel barna om dagens mål, dei likar forutsigbarhet.
     
  5. Ver med på leiken når dåke er ute. Tull med barna.
    Prat saman om smått og stort mens dåke er ute.

  6. Sett ord på dei positive turopplevingane både på turen og i etterkant.
    Skryt av barna medan andre høyrer det.

  7. La barna gå først og bestemme tempoet.
    Det er meir motiverande å ligge i tet enn å halse etter i baktroppen.

  8. La gjerne barna ha med ein ven på turen, då går det meste mykje lettare.

  9. Kle dåke etter vêr- og føreforhold - ingen har det gøy om dei frys. Vindtette og vasstette rørslevennlege kler er viktig,
    og det er betre med fleire tynne lag enn eit tjukt. Kle deg sjølv godt - praktisk og varmt. 
    Vaksne som frys og som ikkje kan bli møkkete, er dårleg turselskap for barn.

  10. Sørg for at barna lykkast på turen. Meistring er viktig - det me miestrar vil me gjerne gjenta.

(Den Norske Turistforening)