Yr.noYoutube

VESTLANDET (MGPjr 2016)

 

No blir livet snart forandra
du har snart fylt 16 år
det du velge no er viktig
for det livet som du får.

Du har alltid ønskt å flytte
vekk den dagen du blir stor
Men den plassen som du bur på,
er den finaste på jord.

 

Over eit fjell, gjennom ein tunell
over ei bru, ja der bur du.
Håpar du veit,
 kor heldig du er
du bur på vestlandet.

 

Du kan reise ut i verda,
du kan følgje draumen din.
Gå på karneval i Rio,
sjå på muren i Berlin.

Du kan oppleve ein masse,
du kan lære nye ting.
Men innerst i ditt hjerte
er du alltid vestlending.

 

Over eit fjell, gjennom ein tunell
over ei bru, ja der bur du.
Håpar du veit,
  kor heldig du er
du bur på vestlandet.

 

Nanananana……

 

No er livet blitt forandra
no har du fylt 16 år.
Men den plassen som du kjem frå,
er den finaste du får.

 

Over eit fjell, gjennom ein tunell
over ei bru, ja der bur du.
Håpar du veit,
  kor heldig du er
du bur på vestlandet.

Håpar du veit,  kor heldig du er
du bur på vestlandet.

 

Nanananana……