Yr.noYoutube

Linus i svingen

Tingen det er ein, to, tre

fire, fem venner å vera med,

ut der sola kikkar ned,

og vinden blæs i kornet,

der kan det skje,

at eit eventyr er på gang, og du er med

 

Ja, det er tingen,

En skinnande skatt,

I svingen,

Før det blir natt,

Og månen tek over for sol,

Så spring no ut,

så fort du vinn,

For heldig er den,

som skatten finn

 

Tingen er kvar dag å ha,

eit eventyr på gang som ender bra,

finne seg ei gåte stor,

å leita etter svaret,

langs eit spor,

og i det skal du sjå at eventyret gror

 

Ja, det er tingen,

En skinnande skatt,

I svingen,

Før det blir natt,

Og månen tek over for sol,

Så spring no ut,

så fort du vinn,

for heldig er den,

som skatten finn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bestevenn

Det er eit ljos der ute, som du ser frå der du bur

Når du er redd og er aleine, da er du ikkje slik du trur

Det e’kje slik at ingen, hev ein tankje i for ein liten

som ligg der så aleina og er redd

og lengtar fram mot morgoen, te ljos og vind og ver

og skremmast av det myrke store skumle

 

Og det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

Og det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

oo- ooa- oo - ooa-ooa

 

Det er eit ljos der ute, som mitt auga kviler på

når det knuser imot stranda, men du ingenting kan sjå

Det e'kje slik at ingen andre også då er liten

for havet knuser sjølv det harde fjell

men ute der så sveiper det eit ljos for meg og deg

og viser heimmatt til dei stille hava

 

Og det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

Nei det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

oo- ooa- oo - ooa-ooa

 

Ser du gjerde, gå te grinda

Ser du døra, kom nå inn da

Ser du trappa, ta et trinn, kom no inn

 

Før det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

Nei det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

Nei det e'kje slik at du ikkje hev ein bestevenn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kveldsong for deg og meg

Grisen står og hyler

i den stille kveld.

Han skal ikkje slaktast

men hyler likevel

 

Fir'og tjue kråker

sit på ein madrass

Endå ei vil sitje

men det er ikkje plass.

 

Ref: 

Og månen står og lyser,

rund og feit og kvit.

Reven Kjem frå skogen

og luskar hit og dit.

 

Fiskane i havet,

søv og drøymer søtt.

Nøkken nedi tjernet

har eg aldri møtt.

 

Mor og far har lagt seg.

Eg er vaken, eg.

No klatrar eg ut glaset,

Så springer eg bort til deg.

 

Ref:

Mens grisen står og hyler

og månen lyser kvit.

Sit du og eg på taket

og ler og pratar skit.

 

Mens grisen står og hyler

og månen lyser kvit.

Sit du og eg på taket

og ler og pratar skit.

Ja, du og eg på taket

 

Falturilturei (Falturilturei)

Falturiltura (Falturiltura)

Seidanoagå (Falturilturei)

Seideidadudadå

 

Mens grisen står og hyler,

og månen lyser kvit.

Sit du og eg på taket

Ja du og eg på taket

Me ler og prekar skit

 

Mens grisen står og hyler

og månen lyser kvit.'

Og firogtjue kråker

Dei sit på ein madrass

Så kjem ein te,

men det er ikkje plass

Hehe, nei, men det er ikkje plass

 

 

 

 

 

 

     

Heim Te Mor

 

Eg vill liva og ha kul på fire hjul.

Vera spilemann på tur - falalala.

Og bilen den er trong så den reisa den blir long.

Men i kveld så blir det song - falalalala.

Ja, i kveld så blir det song - falala.

 

Ref.

Men mor, å mor, eg lengtar heim te mor.

Eg er stor, eg er stor.

Men ikkje så stor, eg lengtar heim te mor.

 

Det er spiling det er fest, mat og vest.

Utan politi og prest - falalala.

Og jentune i kor syng en song på mine ord.

Ja, musikjen den er stor - falalalala.

Ja, musikjen den er stor - falala.

 

Ref.

Men mor, å mor,eg lengtar heim te mor.

Eg er stor, eg er stor.

Men ikkje så stor, eg lengtar heim te mor.

 

Utpå kvelden på ein tram får me ein dram.

Treng’kje sol for å bli varm - falalala.

Og ei sommarnatt e mild for ei jente og ei til.

Men me siter som me vil - falalalala.

Ja me siter som me vil - falala.

 

Ref.

Men mor, å mor,eg lengtar heim te mor.

Eg er stor, eg er stor.

Men ikkje så stor, eg lengtar heim te mor.

 

Eit einsamt trekkspill uti åkeren står.

Med hål i belgjen etter dansen her i går.

På trappa sitt ein kar i dressen til far.

Og ringer til ei jente men det er’kje noko å hente der.

Så eg gidder’kji å vente meir.

Eg reiser heim, eg reiser heim til mo-oo-or.

 

Ref.

For eg lengtar heim te mor.

Eg er stor, eg er stor.

Men ikkje så stor, eg lengtar heim te.

 

Mo-oo-or, eg lengtar heim te mor.

Eg er stor, eg er stor.

Men ikkje så stor, eg lengtar heim te mor.

Ein Farfar I Livet

 

Ein farfar i livet skull alle ha

Ein goffa å springe ned til

som alltid har lyst på ein kaffikopp

og til å kaste bort tid på ein liten kropp

Ja, ein farfar i livet skull alle ha

 

Ein farfar i livet skull alle ha

Ein bessfar å vende seg til

med alt som ein går rundt og lurar på

I Farfar sitt naust er det alltid råd

Ja, ein farfar i livet skull alle ha

 

Ein farfar i kjeledress skull alle ha

som luktar av olje og sjø

Og med lommene fulle av gamalt skrot

Det er mykje få bruk for i Goffas rot

Ja, ein farfar i livet skull alle ha

 

Ein farfar sitt fang det er godt å ha

For Farfar har vore her før

Med heile sitt liv ligg han framom deg

Og spør du,ja, Bessfar han viser veg

Ja, ein farfar i livet skull alle ha x 2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vårsong

No kjæm den fagre våren, den kjæm så alt for seint.

No går eg opp te Bård’en, og spør ka som er meint.

Med at vi stadig går med skjerf og lue her vi går.

Det er jo mildt i lufta, og er det ikkje vår?

 

Vi slenger allting av oss, spring ganske lett omkring.

Snart blir vi voldsomt sjuke, men det gjer ingenting.

Då får vi liggja heime og mase litt på mor.

Og er det fleire av oss, så maser vi i kor.

 

"Ååh, gje oss sjokolade, og kjærlighet på pinne.

Brei dyna godt omkring oss, og klapp oss litt på kinnet."

Fortel ei nifs forteljing, og slepp inn hund og katt.

Da blir vi sikkert friske, og kan gå på skulen att.

Da blir vi sikkert friske, og kan gå på skulen att.