Yr.noYoutube

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere
rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.

 

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre
og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom
sosialt samspel. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for
fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne.

Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.

 

Sjølvkjensla til barna skal støttast, samtidig som barna får hjelp til å
meistre balansen mellom å dekkje sine eigne behov og ta omsyn til andre
sine behov. (Rammeplan for bhg)

 

Villvetteleikar er ein tradisjon som me starta opp i 2005, så denne dagen er viktig for oss. Forutan at me har det kjekt saman, er det viktige erfaringar og læring som skjer. Vente på tur, gjere så godt me kan, samarbeid, heie på dei andre deltakarane, rose dei, halde konsentrasjonen, delta osb.

 

Desse erfaringane tar me med oss i andre aktivitetar og situasjonar.