Yr.noYoutube

DEN INTERNASJONALE TEDDYBJØRNDAGEN

 

I 1902 var dåverande USA-president Theodore Roosevelt med på ei resultatlaus bjørnejakt i Missisippi. Ein lokal viltvoktar gav derfor presidenten  eit tilbod om å skyte ein innfanga bjørnunge han hadde bundet til eit tre. Theodore Roosevelt, med det folkelege tilnavmnet "Teddy", avslo bryskt tilbodet og utbraut: "Om jeg skjøt denne lille karen, ville jeg aldri kunne se mine gutter inn i øynene igjen".

 

 

Dagen etter var denne jakthistoria å sjå i form av ei teikning i "Washington Post". Ein snartenkt leiketøysforhandlar, som nettopp hadde lansert lodne kosebamsar i sitt assortiment, kontakta"Teddy" Roosevelt og ba om hans tillatelse til å kalle sine bamsar "Teddy's bears".

Presidenten sa ja, og dermed var begrepet teddybjørn født.

Kvart år, den 27. oktober, vert den den internasjonale teddybjørn-dagen feira. Denne datoen er "Teddy" Roosevelts fødselsdag.