Yr.noYoutube

Den internasjonale teddybjørn-dagen.

 

I 1902 var dåverande USA-president Theodore Roosevelt med på ei resultatlaus bjørnejakt i Missisippi. Ein lokal viltvokter tilbaud derfor presidenten å skyte ein innfanga bjørnunge han hadde bundet til eit tre. Theodore Roosevelt, med det folkelege tilnamnet "Teddy", avslo bryskt tilbodet og utbraut: "Om eg skjøy denne vesle karen, ville eg aldri kunne sjå mine gutar inn i augo att".

 

Dagen etter var denne jakthistoria å sjå i form av ei teikning i "Washington Post".

 

Ein snartenkt leiketøysforhandlar, som nettopp hadde lansert lodne kosebamsar i sitt assortiment, kontakta "Teddy" Roosevelt og ba om lov til å kalle sine bamsar "Teddy's bears".

Presidenten sa ja, og dermed var begrepet teddybjørn født.

Kvart år den 27. oktober, vert den internasjonale teddybjørn-dagen feira. Denne datoen er "Teddy" Roosevelts fødselsdag.