Yr.noYoutube

I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om
lysta til å leike, utforske, lære og meistre.
Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt.

Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring.  (Rammeplan s.22  Barnehagen skal fremje læring)

 

Peder, Tuva, Ella, Storm og Mari var i ei strand på Kvednaneset for å samle steinar. Og me bar tungt tilbake ;-)

Nokre hadde høyrt om elgen som vandrar rundt på Stord, så me var litt bekymra for kva me skulle gjere om me traff den, Det gjorde me desverre ikkje....

 

Tilbake i barnehagen fekk me vera med på muserebus. Me måtte leite etter bokstavar/div. ting i skulehagen. Desse samla me og me enda hos Pannekakemusene. Etter utallige brev frå oss, fekk me endeleg svar (julekort)frå dei. Dei var på juleferie men hadde laga musepannekaker til oss.

 

Perfekt avslutning på ein spennande dag!