Yr.noYoutube

Eigentleg skulle me til fjells, gå på ski i lysløypa og ake ved Lundastølen - men på Fjellgardane snudde me. Ikkje kjekt å køyre oppover når vegen ikkje var skikkeleg brøyta... Men det er jo så mange fantastiske turløyper i låglandet som kan nyttast.

 

Ein flott dag med skigåing, aking, kakao og ferske rundstykker. Raude kinn, latter, meistring og trøyte born på ettermiddagen :-)

 

Det kjem nok fleire anledningar til ski- og aketurar på fjellet. 

 

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.

 

Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader. (Rammeplan for barnehagen)