Yr.noYoutube

- Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre  og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel.

- I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne.

- Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.

- Sjølvkjensla til barna skal støttast, samtidig som barna får hjelp til å
meistre balansen mellom å dekkje sine eigne behov og ta omsyn til andre sine behov.
(Rammeplan s.22 - Barnehagen skal fremja vennskap og fellesskap))

 

Årets første skitur for nokre. Dei første stavtaka var ustø, men med god heiagjeng og gode hjelparar var læringskurva bratt.

 

No håpar me bare det kjem meir snø - då skal skal det bli mykje skigåing. både i læglandet og oppe i høgda.