Yr.noYoutube

No er me komen til september allereie - første haustmånad og det har me verkeleg fått merke. Sol og shorts den eine dagen - regnkler og hue den neste. Haust = hausting. Me er heldige som har kvardagen vår i eit nærområde som bugnar frukt og bær og me har byrja innhausting (som bl.a. skal nyttast til Mikkelsmesse i slutten av månaden.

Men det viktigaste av alt - dagane vert nytta til leik, gode opplevingar, turar, skape gode relasjonar, gode rutinar, tull og tøys (!) og barns medverknad i kvardagen sin.

 


...og så er det prøvekøyring av "Ferrarien" vår... Men me må finne ei løysing på styreproblemet, då det er litt mange svingar på vegen ned mot Breivikjo...