Yr.noYoutube

Friluftslivets veke 2.-10. september har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape flest mogeleg gode minner! Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak.

 

Me nyttar jo naturen kvar dag, men likevel har me markert denne veka.
Nye Naturvaker har blitt "uteksaminert"..... ;-)

 

Det starta med eit brev fra Ugla. Ugla, som bur høgt oppe i eit tre nær barnehagen, treng hjelp. Han er den som følger med på alt som skjer ute i naturen og lærer alle som ferdast der om korleis man oppfører seg når man er på tur. Ugla byrjar no å bli gamal og trøyt og treng hjelp med denne oppgåva. Han inviterte derfor barna til å bli hans «Naturvakter». For å bli ein Naturvakt måtte barna gjennomføre ei rekke oppdrag der dei viste at dei forstår kva man kan og ikkje kan gjere når me ferdast i naturen.