Yr.noYoutube

"November er så trist og grå,

men nyttig likevel.

For nå kan barna finne på

å lage moro selv."

 

Alf Prøysen skreiv dette verset - til ein ein litt melankolsk melodi. Noko som gjer at november ikkje framstår som den mest kule månaden i året.

Men så er det den moroa ein kan skape sjølv, som det står i siste linje - av og til får me ikkje meir moro enn me lagar sjølv. 

 

November månad har gått uforskamma fort - brått er den over. Me kan ikkje klage på at den har vore trist og grå - veret har vore ok, dagane travle, morosame, hektiske, innhaldsrike, spennande og leikande. No skal me lande att og nyte desember månad - men kjenner eg oss rett så dukkar det nok opp nye idear, aktivitetar og turar som gjer at også desember fyk av garde ;-)