Yr.noYoutube

Nissefar skal bare gjere dei siste forbereiingane til årets nissemarsj, då den store katastrofen vart oppdaga - rottene hadde ete store hull i nissehua. Og ein nisse utan nissehue er ikkje nokon glad nisse. Rottene hadde sikkert hatt førjulsfest med nissehua medan villvettene hadde adventstund på loftet - for dei høyrte nokre mystiske lydar...

 

No er gode råd er dyre - men heldigvis kjem smånissane med både rottefelle og ei blånissehue. Dei hadde til og med med seg medaljar til alle deltakarane i nissemarsjen.

 

Vel gjennomført alle villvetter!

 

Helsing nissefar og dei 6 smånissane