Yr.noYoutube

6.desember er Nilsmesse - til minne om St. Nikolaus - ein biskop som levde i Lille-Asia for ca 1700 år sidan. Han var dei sjøfarande sin helgen (legenda fortel at han ein gong redda livet til mange små barn og tre sjømenn, og derfor vart han helgen). Andre legender fortel at han også hjalp fattigfolk med gåver. Nils er ein norsk kortform av Nikolaus og fekk kjælenamnet Nisse i Norden.

 

Hos nissane er det søtgrautdag den 6. desember. Til vanleg pleier nissane å ha mosestrø på nissegrauten, for mosestrø finn dei lett ute i naturen. Men idag, på nissegrautdagen, skal det vera ordentleg sukker på grauten. Og sukker, det må nissast fra menneskefolket! 

 


Sukkeret som me skulle ha på grauten vår i dag var sporlaust vekke - i stadenfor fann me ein boks med mosestrø. Då var det bare å gå på jakt etter sukkeret vårt. Heldigvis fant med det og grauten var redda!