Yr.noYoutube

Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til
naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Barnehagen skal bidra
til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar
evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

 

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av
naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring.
Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige
på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar
med å bruke teknologi og reiskapar. (Rammeplan for barnehagen 2917)