Yr.noYoutube

Kva er det som gjer naturen til ein bra arena for leik og læring?

 

I naturen er det god plass, det er mindre støy, det er nærleik til det opprinnelege og naturlege, og det gir rom for mange mulighetar for å meistre innanfor eigne forutsetningar. Barna finn sjølv trea dei kan klatre i, eller den bakken dei vil springe i. Dei kan hoppe, ake, smyge seg eller rulle. Dette er rørsler som kan gi spenning og meistringskjensle. Eigne forutsetningar vert utfordra, og det bidrar til utvikling. Meistringsglede bidrar til god sjølvkjensle og kroppens lykkehormon vert utskillt.

 

Når barna er ute i naturen vil det gi mulighetar for fleire ulike rørslemønstre enn det ein tradisjonell leikeplass vil kunne gi. Barna må bevege seg på ulike måtar i terrenget. Det finnst fleire måtar å løyse hinder i naturen på, og naturlege hinder gir meir variasjon. Det er ofte rom for fleire barn i eit naturleg leikemiljø enn i eit tradisjonelt leikeapparat. I ei sklie er det oftast plass til éin om gongen, mens i ein naturleg bakke er det plass til fleire i breidda. Dette gir betre muligheta for samarbeid, og barna kan inspirere kvarandre.