Yr.noYoutube

Kva gjer du når butikken du har ikkje går så godt - det er lite kundar som kjem og handlar? Jo då startar du ein McDonald's restaurant og inviterer alle tii uteservering. 

 

Og dei som seier at leik ikkje er læring - må ta seg ein tur for å sjå ungane i sving. Her er det planlegging, lage meny, skrive /lage plakat (meny) og skilt. Servering, betaling,telling, vente på tur, sosial kompetanse osv

 

Barnehagen skal vareta barnas behov for leik
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal
anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna
sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for
sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for
ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan
oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og
saman med andre.  (Rammeplan for barnehagen)